onsdag 20. juni 2012

JIPPI!


Med dette biletet kom eg på andre plass i utfordringa "From above"
hjå Hege med bloggen Hege in France!
Veldig uventa og utruleg kjekt.
Franziska som har valt ut vinnarane skreiv desse fine orda om biletet mitt:
She has created a wonderful and thoughtful picture
where the butterflies seem to fly out of the overturned cups.
You get associations with summer and fields of flowers.
The colours also fit very well together.
An exciting and creative image.


Vil du sjå dei fine bileta som kom på første og tredje plass trykker du her!

tirsdag 19. juni 2012

Fornying av etasjefat


Endeleg har eg fått dekorert etasjefatet som eg spraylakka lilla for nokre veker sidan.
Ting tek tid...



Etasjefatet var opprinneleg burgunderraudt.



Med lilla spray og nokre sommarfuglar har eg fått eit nytt, sommarsleg fat!
Blir fint å bruke ute når været tillet det.



Sommarfuglane har eg klippt ut av serviettar,
 deretter har eg hatt på eit par strøk med decoupagelim.

lørdag 16. juni 2012

Fotogene blomar






I hagen no er det valmuene som dominerar!
For nokre år sia kjøpte eg ei lita plante som no har spredd seg over heile hagen!
Den dannar hekkar og friskar opp med sin glødande oransje farge.
Bileta ovanfor tok eg for eit par dagar sidan.
Bileta under har eg teke tidlegare.






Kanskje dei mest fotogene blomane eg har i hagen?
God helg til alle som kikar innom!




onsdag 13. juni 2012

Monochrome i juni


Med dette biletet deltek eg i
Månadens Monochrome
utfordring hjå Fotoringen.

Denne svære steinen står på Flø,
ein fantastisk plass ut mot havet.
Visst du likar fotografier i svart/kvitt ta ein titt her!

tirsdag 12. juni 2012

Sprekare enn han ser ut


Katten vår Tom på fuglejakt.


Heldigvis vart det ikkje fugl til middag i dag.

mandag 11. juni 2012

Uro av skjel


I går fekk vi uventa besøk,
tante Kari, Karoline og Birgitte.


Birgitte hadde laga pynt av skjel til meg.
Er det ikkje lekkert?


Det heng no og pyntar så fint i vinterhagen.
Finaste pynten, og ekstra stas når nokon har laga det til meg.
Tusen takk Birgitte!


Dei kjekke gjestane hadde også med denne flotte lavendelen.
Heldige meg!
Finaste lavendelen eg har sett!
 No duftar det herleg lavendel i vinterhagen.
Der skal den få stå til sola dukkar opp igjen,
då skal den få kose seg ute.

Eit glimt av sola!


 I dag har det vore grått og overskya heile dagen,
sjølv om meteorologane melde sol....


Men så, litt over klokka elleve i kveld ( søndag ) viste sola seg,
i form av ei lita stripe innover fjorden,
berre eit lite augeblink,
 men lenge nok til å gje meg håp om ein solrik mandag!
Bileta er teke frå terrassa våra.

søndag 10. juni 2012

Nostalgiske koppar


Fall fullstendig for desse tekrusene kjøpt på Nille.
Så mykje at dei har blitt mine nye favorittar!


Etasjefat og dessertskåler måtte eg også ha med meg heim.
Ein får mykje for pengane på Nille:-).
( Kjøpte fat også men dei er ikkje med på bileta )


Likar å drikke te av store koppar.



Dei søte serviettane er også frå Nille.




Kva er vel meir naturleg enn å dekke på eit bord
... midt i blomsterbedet?

Live med bloggen Lidyll har ei utfordring på gong,
som er Vis meg ditt sommarbord!
Slenger meg med med desse bileta eg,
Sjølv om det er ei meget enkel borddekning.
( Koppane er no så fine i seg sjølv:-)
Viss du vil ha masse inspirasjon til å dekke sommarbord trykker du her! 

fredag 8. juni 2012

From above


Rekk akkurat å slenge meg med på utfordringa "From above". 
Det er Hege med den fine bloggen "Hege in France" som har laga den
artige utfordring.


Her har eg samla nokre av mine finaste ting.
Under ser dokke litt andre variantar.




Kva for ein likte dokke best?

Manger flotte bidrag i denne utfordringa.
Ta ein titt her!